{"id":8,"date":"2014-07-03T18:35:03","date_gmt":"2014-07-03T18:35:03","guid":{"rendered":"http:\/\/wno678348.web42.talkactive.net\/virkekraft.no\/?p=8"},"modified":"2025-03-28T23:08:15","modified_gmt":"2025-03-28T22:08:15","slug":"forkynnelse-og-menighetsplanting-av-johannes-kleppa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.virkekraft.no\/?p=8","title":{"rendered":"Forkynnelse og &#8216;menighetsplanting&#8217; av Johannes Kleppa"},"content":{"rendered":"<div>\n<h1 class=\"title text-biggest\">\u00abMenighetsplanting\u00bb og forkynning av Guds ord<\/h1>\n<\/div>\n<div class=\"article-dates\"><span class=\"published-date\">Hentet fra Dagen.no <a href=\"http:\/\/www.dagen.no\/Meninger\/26\/06\/2014\/%C2%ABMenighetsplanting%C2%BB_og_forkynning_av_Guds_ord-85839\">her<\/a><\/span><\/div>\n<h4 class=\"inline leadtext\">Ei forsamling eller ein kyrkjelyd vert til og lever ved forkynninga. Der Guds ord f\u00e5r skapa tru, og dei som trur samlast om Guds ord, er det ein kyrkjelyd.<\/h4>\n<p><strong>Det vert arrangert <\/strong>den eine konferansen etter den andre med tanke p\u00e5 strategi og til inspirasjon for vidare misjonsarbeid \u2013 nasjonalt som internasjonalt.<\/p>\n<p>P\u00e5 tilsvarande vis vert det lagde planar for organisasjonar og kyrkjesamfunn.<\/p>\n<p>Det som stadig g\u00e5r att, er fokuset p\u00e5 forsamlingsbygging, som det gjerne heiter i organisasjonane, eller \u00abmenighetsplanting\u00bb som er bokm\u00e5lsordet som vert brukt generelt.<\/p>\n<p>Strategiske m\u00e5l vert i hovudsak presentert ved kor mange nye forsamlingar eller kyrkjelydar som skal startast, og status vert gjort opp i h\u00f8ve til om m\u00e5let for \u00abmenighetsplanting\u00bb vert n\u00e5dd.<\/p>\n<p>I Dagen kunne vi endatil nett lesa om eit ektepar som hadde som m\u00e5l \u00e5 starta ti nye kyrkjelydar i \u00e5r, den minste dei hadde starta var eit ektepar!<\/p>\n<p><strong>Det er vel <\/strong>og bra med \u00abmenighetsplanting\u00bb og forsamlingsbygging. Det er eit bibelsk prinsipp at Gud dannar forsamlingar, og at han arbeider ut fr\u00e5 desse. Det ser vi av innleiingane til fleire av Paulus sine brev. Han skriv til kyrkjelydar.<\/p>\n<p>Det som like fullt er p\u00e5fallande i alt vi kan lesa om \u00abmenighetsplanting\u00bb og forsamlingsbygging, er at det praktisk talt ikkje vert sagt noko om forkynninga av Guds ord.<\/p>\n<p>\u00abMenighetsplanting\u00bb framst\u00e5r som eit strategisk og organisatorisk grep. Det skjer ytre sett ei formell stifting av kyrkjelyd. Det er ein naturleg del med tanke p\u00e5 eit ordna forsamlingsliv, men det er likevel ikkje hovudsaka. Det er \u00e5ndeleg sett ikkje den m\u00e5ten kyrkjelydar vert skipa p\u00e5.<\/p>\n<p>Ei forsamling eller ein kyrkjelyd vert til og lever ved forkynninga. Der Guds ord f\u00e5r skapa tru, og dei som trur samlast om Guds ord, er det ein kyrkjelyd.<\/p>\n<p>M\u00e5let p\u00e5 om misjonsarbeidet har framgang eller ikkje, er strengt tatt ikkje talet p\u00e5 forsamlingar som vert stifta eller lagde ned, men p\u00e5 kor mange som kjem til tru ved forkynninga av Guds ord.<\/p>\n<p><strong>Etter mi overtyding <\/strong>burde fokuset p\u00e5 nasjonale og internasjonale strategi- og inspirasjonssamlingar i langt st\u00f8rre grad enn tilfellet er, vore p\u00e5 forkynninga.<\/p>\n<p>Det same gjeld internt i organisasjonar og kyrkjelydar, og p\u00e5 det personlege planet.<\/p>\n<p>Om ein trur at forkynninga g\u00e5r av seg sj\u00f8lv, lurer ein seg sj\u00f8lv. Har ein ikkje fokus p\u00e5 forkynninga, vil denne tapa b\u00e5de i omfang og kvalitet.<\/p>\n<p>Der ikkje forkynninga har god plass og er av bibelsk kvalitet, vil arbeidet smuldra bort.<\/p>\n<p>\u00abMenighetsplanting\u00bb utan sterkt fokus p\u00e5 forkynning med bibelsk substans, og ved dei ulike forkynnarn\u00e5deg\u00e5vene, vil visa seg \u00e5 vera slag i lause lufta.<\/p>\n<p>Kyrkjelydar m\u00e5 byggjast ved det arbeidsmidlet som Gud har gjeve til dette, og det er prim\u00e6rt Ordets n\u00e5demiddel.<\/p>\n<p><strong>Det er alts\u00e5 <\/strong>bra med fokus p\u00e5 \u00abmenighetsplanting\u00bb og forsamlingsbygging, s\u00e5 sant dette skjer i korrespondansen med Guds ord og forkynninga.<\/p>\n<p>Derimot oppst\u00e5r det eit problem om det vert einsidig fokus p\u00e5 m\u00e5ltalet for \u00abmenighetsplanting\u00bb, og det vil over tid vera \u00e5ndeleg utarmande.<\/p>\n<p>(Hentet fra Dagen.no <a href=\"http:\/\/www.dagen.no\/Meninger\/26\/06\/2014\/%C2%ABMenighetsplanting%C2%BB_og_forkynning_av_Guds_ord-85839\">her<\/a>)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00abMenighetsplanting\u00bb og forkynning av Guds ord Hentet fra Dagen.no her Ei forsamling eller ein kyrkjelyd vert til og lever ved forkynninga. Der Guds ord f\u00e5r skapa tru, og dei som trur samlast om Guds ord, er det ein kyrkjelyd. Det vert arrangert den eine konferansen etter den andre med tanke p\u00e5 strategi og til inspirasjon<\/p>\n<div class=\"read-more-wrapper\"><a class=\"read-more\" href=\"https:\/\/www.virkekraft.no\/?p=8\" title=\"Read More\"> <span class=\"button \">Read More<\/span><\/a><\/div>\n","protected":false},"author":2,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[4],"tags":[67,68,69],"class_list":["post-8","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-klipp-fra-andre","tag-forkynning","tag-guds-ord","tag-menighetsplanting"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=8"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":9,"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8\/revisions\/9"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=8"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=8"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.virkekraft.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=8"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}